Skal vere kontaktperson mellom næringslivet og Sula kommune

Inger Synnøve Remme, som er næringssjef i Haram kommune, er nyleg tilsett i ei lita stiling som næringskoordinator i Sula

Sula næringsforening hadde møte i går. Der deltok også næringssjefen i Haram kommune, som nyleg har fått ei tjue prosent stilling i Sula kommune, for å bistå næringsforeninga. Ho heiter Inger Synnøve Remme og har mellom anna erfaring som næringssjef i Haram/Ålesund, næringsrådgjevar i Haram Næring- og innovasjonsforum, frå økonomiavdelinga til Vard og som Rådgivar i Sparebanken Møre.

No har ho også fått eit lite kontor på Sula Rådhus, der ho skal vere kontaktperson mellom næringslivet og Sula kommune. Remme skal også vere rådgjevar for nyetablerarar via hoppid.no og fordele midlar via kommunalt næringsfond.

Les heile saka her

Previous
Previous

Både forening og koordinator er på plass

Next
Next

Sula næringsforeining blir fødd